av rb-admin | okt 1, 2020
Eg sitt her ved fossen
Han brusar, kastar seg
ut over berget
og ned i dalen.
Lagar gode lydar
som gjer
sjela mi
ro
Fossen og livet
er som to
Følgesvennar
Fossen gjer liv
Livet straumar fram
som ein foss
Eg berre let meg
væra i Flow
Straumen av gode dagar
og mindre gode dagar
Det er det som er
Livet
Å væra i Flow
gjer meg styrke.
Alt som er bak meg
er bak
Meg
Det forsvann i Straumen
det for rundt meg
og laga energiar
som eg kan velja
å gjøyme
i hjarta
eller ikkje.
Livet er Fossen
Fossen gjer liv
Eg er i
Flow
av rb-admin | okt 1, 2020
Men tankane mine
fekk du
Aldri
Eg går mot
lyset no
Har funne mi
Ledestjerne
Eg har alltid
skimta ho
langt der
i det fjerne
Alltid visst
at ho var
Der
Ho har vore
mitt håp og
Min draum
Draumen om
ei anna tid
ein annan stad
Ein stad eg var
Fri
men tankane mine
fekk du aldri
Dei gjøymer eg
i hjarta
Her kan eg bera dei
trygt vidare gjennom
Livet
Her når du meg
ikkje
No er mine tankar
Fri
No kan dei leva
sitt liv
Slik eg skal leva
Mitt liv
Utan blygsel
Utan skam
I friheit
frå din
Tvang
Men tankane mine
Fekk du
Aldri
av rb-admin | okt 1, 2020
Eg gret mine
modige tårar
Når du ikkje
ser meg
Du ser ikkje
mi pinsle
Mine vonde
Følelsar
som straumer
gjennom meg
ein vondskap
eg ikkje vil ha
Som eg ikkje ynskjer
gje næring til
Eg gret mine
modige tårar
for alt som
Var
Alt som for forbi
Eit liv i einsamheit
Du trur eg er vellukka
Så sterk og modig
Du ser ikkje
den lille jenta
som skrik der inne
Ho som blei forlatt
Ho som måtte bæra
alle vonde erfaringar
vonde minne
Du ser ikkje mobben
som ein gong
var der
og
Frarøva henne alt
Gjorde henne
usikker og lita
Ho reiser seg no
og let alt fara
No er tida kommen
te å gje slepp
Eg gret mine modige
Tårar
av rb-admin | okt 1, 2020
Langs leia står de
Stille og forlatt
Fyret og husan
der det en gang bodde
både folk og fe
Berre fyret står der å lyse
De står der å vitna om
ei tid som en gang
var
Ei tid kor
vær og vind
rådde over
Livet
Et strevsomt liv
i karrige kår
Kor naturkreftan
bestemte over dagen
og ga meining og glede
eller sorg og avmakt
Nu ser de ingen
Berre båtan
som seila førrbi
De står der å vitna om
ei anna tid
men de tar dæ trygt
frem lang leia
Både i storm og i
Stilla
Det e ei tid
førr aillt
Førr oss aille
Men vi
Står han a.
Siste kommentarer