The Darkness in me

Eg gret mine

modige tårar

Når du ikkje

ser meg

Du ser ikkje

mi pinsle

Mine vonde

Følelsar

som straumer

gjennom meg

ein vondskap

eg ikkje vil ha

Som eg ikkje ynskjer

gje næring til

Eg gret mine

modige tårar

for alt som

Var

Alt som for forbi

Eit liv i einsamheit

Du trur eg er vellukka

Så sterk og modig

Du ser ikkje

den lille jenta

som skrik der inne

Ho som blei forlatt

Ho som måtte bæra

alle vonde erfaringar

vonde minne

Du ser ikkje mobben

som ein gong

var der

og

Frarøva henne alt

Gjorde henne

usikker og lita

Ho reiser seg no

og let alt fara

No er tida kommen

te å gje slepp

Eg gret mine modige

Tårar

Kvalifikasjoner

Publisert

1. oktober 2020

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *