The flow

Eg sitt her ved fossen

Han brusar, kastar seg

ut over berget

og ned i dalen.

Lagar gode lydar

som gjer

sjela mi

ro

Fossen og livet

er som to

Følgesvennar

Fossen gjer liv

Livet straumar fram

som ein foss

Eg berre let meg

væra i Flow

Straumen av gode dagar

og mindre gode dagar

Det er det som er

Livet

Å væra i Flow

gjer meg styrke.

Alt som er bak meg

er bak

Meg

Det forsvann i Straumen

det for rundt meg

og laga energiar

som eg kan velja

å gjøyme

i hjarta

eller ikkje.

Livet er Fossen

Fossen gjer liv

Eg er i

Flow

Kvalifikasjoner

Publisert

1. oktober 2020

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *