MEN TANKANE MINE FEKK DU ALDRI

Men tankane mine

fekk du

Aldri

Eg går mot

lyset no

Har funne mi

Ledestjerne

Eg har alltid

skimta ho

langt der

i det fjerne

Alltid visst

at ho var

Der

Ho har vore

mitt håp og

Min draum

Draumen om

ei anna tid

ein annan stad

Ein stad eg var

Fri

men tankane mine

fekk du aldri

Dei gjøymer eg

i hjarta

Her kan eg bera dei

trygt vidare gjennom

Livet

Her når du meg

ikkje

No er mine tankar

Fri

No kan dei leva

sitt liv

Slik eg skal leva

Mitt liv

Utan blygsel

Utan skam

I friheit

frå din

Tvang

Men tankane mine

Fekk du

Aldri

Kvalifikasjoner

Publisert

1. oktober 2020

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *